Kvåle skule er ein 6 - 10 skule med 3 parallellar og omlag 350 elevar. I alt er det 48 vaksne som arbeider på skulen.
Skulen ligg vakkert til på Fosshaugane Campus. Elevane på mellomsteget kjem frå Trudvang skule, medan ungdomssteget og har elevar frå Norane og Fjærland. Kvåle skule har dette skuleåret teke i bruk eit fantastisk uteområde, kanskje det finaste nokon skule i vårt område kan by på. Nyeskulen er eit flott moderne bygg, og her finn du alderstrinna 6. til 9. klasse. 10. klassane, administrasjonen og personalavdelinga finn du i ”gamlebygget”. Kvåle skule har eit godt samarbeid med Sogndal vidaregåande skule, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Næringslivet i kommunen.
Skulen har 6 satsings-områder; Elevmedverknad og skulemiljø, Internasjonalt samarbeid, Entreprenørskap, Fysisk aktivitet og kosthald, IKT, Læringsstilar og læringsstrategiar.
Det internasjonale samarbeidet er etablert gjennom Comenius og Nord-Sør. It’s Learning er i ferd med å bli etablert som vår digitale plattform.
Visjonen vår er: ME BYGGJER FRAMTIDA, saman med trygge og aktive elevar som opplever meistringsglede
Her finn du oss:
Lunnamyri 14
Pb. 14
6851 Sogndal
Tlf: 57 67 90 40