Velkomen til eit nytt skuleår på Kvåle skule
Måndag 18. august kl. 08.55 startar me opp att – klare til å ta imot 410 elevar. Me er pr. no 67 tilsette på skulen, ein god blanding av lærarar og miljørettleiarar som vil gjere sitt beste for at alle skal trivast, lære mykje og kjenne seg trygge.
For å gi den beste opplæringa og sikre eit godt læringsmiljø, er samarbeid med føresette og andre instansar viktig. Dette får me til gjennom open og god kommunikasjon, og ved at alle partar er involverte.
Alle elevar og føresette vil få melding i Visma om kvar den enkelte klasse skal møte første skuledag. Har de spørsmål, ta gjerne kontakt med tilsette på trinnet eller leiinga.
Vi gler oss til å sjå dykk alle att – velkomen til eit nytt skuleår!
Helsing frå alle tilsette på Kvåle skule 😊