Me avslutta prosjektet om verdsrommet med eit besøk på Vitemeir.
Me fekk innføring om planetane og korleis dei snurra, me fekk smaka på astronautmat, løfta vatn på månen, trena som astronautar og me fekk sjå på sola med solformørkingsbriller.
Prosjekt verdsrommet har vore stor suksess i 2. klasse. Me har lært om solsystemet, planetane og korleis det ser ut i verdsrommet. Me har forska, laga hefte, laga vår eigen verdsrommetkrok og vist til kvarandre kva me har lært. Eit kjekt prosjekt.
Onsdag hadde me ein veldig kjekk matematikkdag. 1.-4. klasse var blanda i ulike grupper der alle var gjennom 4 ulike stasjonar i løpet av dagen. Ivrige og engasjerte elevar. Ein kjekk og lærerik dag.
I to veker har me hatt eit tverrfagleg prosjekt om leiker. Me har talt leiker heime, ført statestikk, skrive om leiker, sett på leiker frå gamledagar og lært kva dei leika med i steinalderen. Me avslutta prosjektet med ein ta- med dag. Mykje leik og morro.
6. februar markerte 1. - 4. klasse samane sin dag. Me var ute og hadde ulike aktivitetar. Elevane fekk høyre eventyr, kaste lasso, spele memory, svare på oppgåver og lage landart. Det smakte godt med mat rundt bålet.
Fredagen før vinterferien hadde 1. - 4. klasse karneval. Elevane svinga seg på dansegolvet i flotte kostyme. Ei elevbedrift i 9. klasse serverte nydeleg gode bollar til oss.