Kaupanger skule er ein 1 – 10 skule med litt over to hundre elevar. I alt 39 personar tilsett på skulen og i skulefritidsordninga. Skulen ligg fint til i furuskogen på Kaupanger. Ei bygd med om lag 1500 innbyggjarar, 11 km frå Sogndal sentrum. 

Skulen er bygd i fleire trinn: Me har "Gamleskulen" der førsteklasse og SFO held seg. Ved sidan av er gymnastikkbygget. Hovudbygningen ligg i midten som inneheld kontor, lærarrom, arbeidsrom for lærarane, bibliotek, formingsavdeling, skulekjøken og klasserom. Det øvste bygget inneheld klasserom, grupperom, naturfagrom og musikkrom.


Skogen rundt skulen er med på å prege uteaktivitetane til elevane. Mellom anna er hyttebygging i trea, rolleleik og sistenleikar populære aktivitetar. Naturen vert også brukt aktivt som læringsarena på alle klassesteg. Skulen har lagt til rette for friluftsliv/fysisk fostring gjennom kjøp av utstyr: kanoar, lavvoar, stormkjøken, telt, kart m.m.  rom.


Skulen er øvingsskule for Høgskulen på Vestlandet, og kvart skuleår har me studentar som har praksis hjå oss.